17. mai

Skrevet av
i Nyheiter

Fagert er landet du oss gav,
Herre, vår Gud og vår Fader!
Fagert det stig av blåe hav,
soli ho sprett og ho glader,
signar vårt land i nord og sud;
soleis di åsyn lyser, Gud,
over vårt Noreg i nåde

Denne teksten skreiv Anders Hovden i 1907, og er det ikkje nettopp det me opplever kvar dag; Guds nåde og velsigning over Noreg. 17. mai 2017 fekk me igjen lov å feira landet me har fått og fridommen me har fått.

Gymsalen var full av mødre, fedre, bestemødre og bestefedre, slektningar, elevar, lærarar og tidligare elevar, småsøsken, storesøsken og venar som ville feira dagen saman på Jærtun.

Det var foreldra til elevane i 5. klasse som stelte i stand feiringa, og dei sørga for at alle fekk nok hamburgarar, pølser og salat.

  

  

5. klassen hadde kiosk i eit av klasseromma der dei selde is og snop. D klassen selde kaker. Pengane for kakesalet går til klassetur til Oslo og til England.

  

Til tross for dei begrensingane som bunad og andre festklær gir, var mange med å spela fotball, hoppe i sekk og andre aktiviteter.

  

Viss du gjekk glipp av årets nasjonaldagsfeiring er det ingen grunn til fortviling, for heldigvis er det 17. mai feiring på Jærtun neste år og.

  

  

  

 

   

   

Siste innlegg