Alle kan lære!

Skrevet av
i Nyheiter

Thomas Nordahl er ein kjend skuleprofessor frå Hedmark, og er talsmann for at skular skal satse på det som forsking seier virkar. Og det som virkar aller mest, er eleven si forventning til seg sjølv. Han snakkar om at vi kan ha eit dynamisk eller ei statisk forventning til eiga læring. Ein elev som har ei statisk tankegang, seier:
– Eg kan ikkje matte.
– I min familie har ingen vore god i engelsk.
– Eg får alltid 4-ar uansett kva eg gjer.
– Eg likar best å arbeide med oppgåver eg veit eg får til.
Utan at vi merkar det kan både foreldre og lærarar vere med å støtte opp om ein slik tankegang. Denne tankegang kan også vere veldig behageleg, for då kan eg gje opp med ein god grunn. Men tankegangen er noko av det som hindrar læring aller mest.
Ifølge Nordahl er det viktig å forstå at talent er overdrive. Ein dynamisk tankegong seier:
– Eg kan bli smartare ved å arbeide hardare.
– Eg likar utfordringar. Det eg ikkje kan, kan eg lære!
Ver difor med å arrester den statiske tankegangen. Vi treng trua på at vi kan lære! Alt handlar om nok arbeid og trening. På skulen ønsker vi også å formidle denne forventninga: – alle kan lære!

Siste innlegg