Andreas Årikstad blir ny rektor

Ole Andreas Meling vil fråtre som rektor etter dette året. Vi er difor glade for å kunne melde at Andreas Årikstad overtek som rektor frå august 2020.
Andreas Årikstad er 39 år, gift og har 5 barn. Dei bor for tida i Kristiansand, men tenker å flytte til Jæren i løpet av neste år. Han har ei variert utdanning, med teologi, engelsk, historie og pedagogikk. Han har arbeidd i fleire år som barne- og ungdomsarbeider i Norsk Luthersk Misjonssamband, og vil dette året leie dette arbeidet i Agder. Han er også forfattar av fleire bøker, og arbeider nå mellom anna med ei lærebok i naturfag og kristendom for den kristne skulen.

Han gleder seg til å begynne, og vi ynskjer han varmt velkomen!
Ta med han og familien i bønn!

Siste innlegg