Boost your English

Skrevet av
i Nyheiter

Ingrid Asher Olsen er ein av fleire nytilsette lærarar denne hausten. Ho har vekse opp i New York og har sine aner frå Israel. I år underviser ho 9. klasse i engelsk. I tillegg har ho to timar med «Boost your English!». Det er eit nytt spennande tilbod for året. Det er elevane i D-klassen som har fått lov til å søke på dette ekstra engelsk kurset. Her er det ingen papir eller testar, det handlar om å våge å snakke engelsk og få ei god meistringsoppleving i faget. Nesten heile klassen meldte seg på. På kurset er dei 6 deltakarar og dei går gjennom bolkar med mellom anna rollespel, drama og sketsjar. Kurset er på 10 timar og varer i 5 veker. Ingrid melder om ein svært entusiastisk gjeng.

Siste innlegg