Det vert utviding!
Denne veka fekk me svaret me har venta på i snart eit år:
«Utdanningsdirektoratet godkjenner søknaden frå Jærtun Lutherske Friskule […] etter privatskulelova § 2-1 første ledd, jf. andre ledd bokstav a. livssyn.
Skulen er frå og med skuleåret 2026-2027 godkjend for inntil 200 elevar på 1.-10. trinn.»
Me er svært gla for at UDIR har kome til den konklusjonen. I svaret deira har det framheva at Jærtun er ein tydeleg kristen skule, slik me er godkjent for å vere og at det er grunnlaget for at me får halde fram drifta, no med ennå fleire elevar.
Svaret frå UDIR er ei gåve og ei oppgåve. Om ein av apostlane står det:
«Men Paulus valde Silas til å fylgja seg. Så drog han ut, etter at brørne hadde gjeve han over til Herrens nåde.» Apg 15:40
Det vil me og. Me vil gå på Guds kall, me vil gjerne ha fylgje på vegen og me vil framfor alt gje kvarandre over til Herrens nåde. Den treng me ikkje mindre i tida framover!
Så håper me de vil gå med oss i dette kallet!
Løftet frå Herren står ennå fast:
«For eg veit kva tankar eg tenkjer om dykk, seier Herren. Det er fredstankar og ikkje tankar til ulukke. Eg vil gje dykk framtid og håp.» Jer 29:11
NB: Det vil ta tid før skulen er fullt utbygd til 200 elevar. Me kjem tilbake med nøyaktig informasjon om inntak for hausten 2026 ut på nyåret. Søknader behandlast fortløpande.