Fantastisk leirskuleopphald for D-klassen

Skrevet av
i Nyheiter

Historias varmaste mai-dagar hjelpte jo litt til, men ein positiv og hjelpsam klasse, i tillegg til spennande aktivitetar og idylliske omgivnader, gjorde leirskuleopphaldet svært vellukka. Dei fekk prøve seg på ulike team-buildingsoppgåver, og dei gjorde det med stor iver. Dei hadde mange ulike farkostar som vi brukte til å padle med, kajakk, kano og sub. Så sov dei utandørs i hengekøyer, og sjølvsagt bada vi ikkje så reint lite. Fine andaktstunder hadde vi i ei koseleg gapahauk. Dei fekk også utfordra eigne toregrenser når dei kasta seg utfor zip-linene, rappellerte eller hoppa i havet frå ein klippe på 8 meter. Til slutt gjekk vi til preikestolen i ganske heftig sommarvarme. Så bortsett frå nokre skrubbsår og nokre ti-tals myggstikk, kom alle heim uskadd.
Leirskulen er arrangert av Norsk Turistforening. Dei gav klassen svært rosande omtale. – Dei har vore lette å leie, og så er dei så flinke til å ta seg av kvarandre.

Siste innlegg