Hausttur 2016

15.september var vi på hausttur. Denne gongen gjekk turen til Njåskogen og Middgardsormen. Elevane vart i år delte i 10 grupper med blanda frå 1.kl til 10.kl. Elevane oppførte seg eksemplarisk. Ein fryd å ha med denne gjengen på tur!
Elevane i E-klassen (9.kl og 10.kl) fekk i oppdrag å vera gruppeleiarar. Dei skulle sørge for at alle hadde det fint, inkludere alle og passe på at alle var med. Kort sagt ta seg av dei yngre elevane. Dette løyste dei på ein fantastisk måte.

Siste innlegg