Jærtun-elevar aktive i Barn- og Unges Kommunestyre

Skrevet av
i Nyheiter

Det er 10 skular i Time. Ein dag i året kjem 4 elevar i frå kvar skule saman og dannar Barn- og Unges Kommunestyre. Her har dei ein verkstad kor dei drøftar framtidas Bryne, og kva råd dei vil gje politikarane.
Dei skal også få avgjere kva dei skal bruke 75 000 kroner til. Kvar skule fremmer eit forslag, og så stemmer dei på desse. Alt skjer etter same form og reglar som i kommunestyret.
Jærtun har ikkje vore med på dette før, men elevane hadde førebudd seg godt og
deltok aktivt i debatten.

Siste innlegg