Jærtun på ekskursjon til Noahs ark-modell i Stavanger

Dei åtte yngste klassetrinna på Jærtun brukte ein skuledag til å gå om bord i den 70 meter lange modellen av Noahs ark som har kome til Vågen i Stavanger. Om bord såg me ulike tablå med treskulpturar av viktige hendingar i bibelhistoria, som t.d. syndefallet med Adam og Eva, Noah og kona, Abraham Isak ved offeralteret osv. frå Gamle testamentet. Undervegs leste elevane små skilt med forklarande tekst og svarte på eit utdelt quiz-ark. Til slutt i gjennomgangen kjem ein også til Nye testtamentet, og der fekk me sjå korleis dei har framstilt Jesu død på korset og den tome grava. I det siste spegelrommet blir evangeliet gjort personleg: Bodskapet om Jesu kors er for deg, uansett kven du er og korleis du ser ut.

Siste innlegg