Koronaviruset, opning av skulen for 1. – 4. klasse den 27. april

Skrevet av
i Nyheiter

Skulen er stengt i tråd med dei retningslinjer departementet har sett for smittevern. I følge desse vil det bli opning av skulen for 1. – 4. klasse den 27. april.

Det er forventa at elevane arbeider minst 4 timar kvar dag med skulearbeid på vanlege kvardagar. Faglærarar/klassestyrar vil halde kontakt med elevane gjennom heimekontor eller på mail.

Så er det viktig at vi syner kvarandre mykje omsorg i denne spesielle tida. Kanskje er det nokon som treng hjelp til å passe born, kanskje er det nokon som er i karantene og treng ei oppmuntring? Så er det også av omsorgsomsyn vi gjer denne nasjonale dugnaden.

Nettressurs angående koronaviruset: https://helsenorge.no/koronavirus/barn-og-gravide
For spørsmål, ring rektor 99 50 34 87.

Siste innlegg