Leirskule for D-klassen

Skrevet av
i Nyheiter

Elevane i 7. og 8. klasse er på leirskole på Liland denne veka. Vi har som motto: Læring for livet.
Her får dei prøve på mykje vi ikkje har høve til å lære dei på skulen. For nokre kan det vere ein barriere å vere borte så lenge. Så lærer dei å lage mat og å vaske opp. Til slutt skal dei også vaske ut heile bygget.
Så går vi mykje på ski, og fleire bakkar kan vere bratte å gå opp og litt nifse å renne ned. Dei lagar også gapahauk som dei skal sove ute i. Nokre frøys litt ute om natta, men så varmar det ekstra godt med ein lang dusj og god mat etter på.
Det er så flott å sjå meistringsgleda hos dei som klarer nye ting. Lærarane rapporterer om elevar som imponerer, oppmuntrar kvarandre og har det svært så moro!

Siste innlegg