C-klassen på sykkelgården i Sandnes

Skrevet av
i Nyheiter

På ein strålande fredag 3. juni reiste C-klassen til Sandnes for å læra trafikkreglar og sykkelkunnskap på Trygg Trafikk sin Sykkelgård på Varatun i Sandnes. Men fyrst var dei innom klassestyrar Reidar sitt hus i byen og grilla.

På Sykkelgården blei dei delt inn i grupper, leia av kvar sin forelder i klassen. Dei gjekk gjennom sju øvingar som handla om bl.a. bremsing, svinging, vikeplikt, rundkøyring og busspassering på sykkel. Takk til Trygg Trafikk og Rogaland fylkeskommune for eit flott opplegg.

Siste innlegg