Påskeverksted

Skrevet av
i Nyheiter

Denne veka har elevane hatt påskeverksted. Dei har laga påskekyllingar, påskeegg og Golgata med grava ved sidan av.

Påske betyr “å gå forbi”, det referer til hendelsen i gamle testamentet då Guds folk slakta eit lam og strauk blodet på dørstokken.  Herren gjekk forbi dei dørene som var smurt med blod og straffa ramma dei ikkje.

For 2000 år sidan skjedde det som heile det gamle testamente peikar fram mot. Jesus kom til jorda for å ta straffa for synda som skilde menneske frå samfunn med Gud. Hans blod kjøpte oss fri frå straffa som skulle ha ramma oss. Tenk at me kvart einaste år får fleire fridagar for å minnast dette.

Sanneleg, våre sjukdomar tok han, vår smerte bar han. Vi tenkte: Han er ramma, slegen av Gud og plaga. Men han vart såra for våre brot, knust for våre synder. Straffa låg på han, vi fekk fred, ved hans sår vart vi lækte. Vi gjekk oss alle vill som sauer, kvar tok sin eigen veg, men skulda vi alle hadde, lét Herren ramma han. Han vart mishandla, han vart plaga, og han opna ikkje munnen, lik eit lam som blir ført til slakting, lik ein sau som teier når han blir klipt, og han opna ikkje munnen. Jesaja 53, 4-7

God påske!

Siste innlegg