Reunion på Jærtun

Skrevet av
i Nyheiter

I romjula arrangerte vi Jærtuns første reunion. Det var elevar født 1992-1994 som vart invitert. I 2001 starta Jærtun opp med tilbod for 1.-4. klasse. Dei som var eldst då, haldt difor fram med å vere eldst heile vegen. Dei vart også dei første som gjekk ut av 10. klasse.  Sjølv om fleire har heldt god kontakt sidan dei slutta, vart det eit hjarteleg gjensyn. Det var bilete og mimring. Klassen har vore på mange overnattingsturar kor mykje måtte gjenopplevast. Og dei har også opplevd at Jærtun har blitt bygd ut litt om gongen. I starten hadde vi verken gymsal eller mange fasilitetar i skulegarden. Men klassen har markert seg som ein kreativ klasse, og det har alltid vore mykje humør i timar og friminutt.

Siste innlegg