Samarbeid om klasseleiing saman med Ogna og Undheim

Jærtun deltek i eit pedagogisk utviklingsprogram i regi av Udir. Det er organisert av UiS (Universitetet i Stavanger). Som eit ledd i dette inviterte Jærtun torsdag personalet frå Ogna og Undheim til eit nettverkssamarbeid. Temaet var støttande elevrelasjonar. Forsking syner at lærar sin relasjon til eleven betyr svært mykje for eleven sin motivasjon og læringsutbytte. Vi trur at vi har mykje å lære av kvarandre når det gjeld korleis vi skal utvikle vårt pedagogiske verktøyskrin.

Siste innlegg