Sommaravslutning 2019

Skrevet av
i Nyheiter

 

Og i år hadde klassane forberedt eit underhaldande avslutningsshow for oss. Imponerande å sjå kor frimodige dei er på scenen og kor flinke dei er til å synge og skodespele. Dei minste klassane framførte engelsk song og norsk gåter. 6-klasse framførde eventyret om prinsessa som ingen kunne målbinde, men med ein moderne vri. 7-klasse hadde laga sin eigen vri på eventyret om “Dei tre bukkane bruse”. 8-klassen underhaldt med utdrag frå “Kamilla og tyven”. E-klassen både song og dansa seg gjennom kjente folkeviser. Dersom du liker sida vår på facebook kjem det kanskje nokre filmklipp i løpet av sommaren.

Siste innlegg