Uteveke

Skrevet av
i Nyheiter

Førre veke var det uteveke på Jærtun. Me ynskjer at elevane skal bli vant til og bli gla i å være ute, uansett vær.

Veka starta med sporlek i Sandtangen på måndagen. På posten “Babels tårn” skulle elevane bygge høgast muleg tårn på 4 minutt. Andre postar var kaste ball i bøtte, kims lek, snekring, rebus og fleip eller fakta.

 

På tysdag sprang alle elevane misjonsløp på Rosselandsbanen. Nokre av dei var veldig tilfreds med at den einaste leksa til denne dagen, var å skaffe sponsorar.

 

Tredje dag deltok elevane på ulike aktivitetar i skulegarden. Blant anna fekk dei utdelt kart med oppteikna rute som dei skulle følge. Kikabo i apejungelen var og ein populær aktivitet.

 

 

 

 

Fotograf: Trygve Sandvik

Siste innlegg