Vassrakett på Jærtun

Skrevet av
i Nyheiter

C-klassen gjorde eit forsøk i naturfag, det gjekk ut på å skyta rakettar opp i lufta. Både vassrakett og papirflyrakett. Vassraketten (flaska) føyk mange meter opp i lufta!
Når vi pumpar luft inn i flaska, vil det på eit punkt vere så mange luftpartiklane og det vil sitje så tett at korken blir skyvd ut. Ei tett flaske fylt med vatn kan ikkje pressast saman, fordi partiklane sit så tett. Dersom vi har luft i flaska, klarar vi å presse lufta saman. Så det er luftpartiklane og ikkje vasspartiklane i vassraketten som kan pressast saman. Dersom vi berre har luft i raketten, er massen som fer ut bakover mykje mindre enn om vi brukar vatn i tillegg til luft.

Siste innlegg