Velkomen til eit nytt skuleår!

Skrevet av
i Nyheiter
Dei tilsette er allereie godt i gang og klar for å ta imot ein ny gjeng med elevar (og mange gamle 😃) i morgon, fredag 15.aug!
Eit skuleår kan by på både gode og mindre gode dagar. I overført betydning kan brannar oppstå og stormar kan ruske i tretoppane. Då er det godt å ha litt erfaring, ha trent litt eller ha ein plan for kva du gjer når ei eller anna hending inntreff.
Uansett er det i alle ting godt å få ha ein himmel over livet. Det å få ha ein relasjon til ein levande frelsar er det beste for oss som er vaksne og det er det beste me kan gje vidare til neste generasjon!
Her er bilete frå nokre av dei siste dagers hendingar.
«For vi har ikke en yppersteprest [Jesus] som ikke kan ha medlidenhet med oss i vår skrøpelighet, men en som er prøvd i alt i likhet med oss, men uten synd. La oss derfor med frimodighet tre fram for nådens trone, for at vi kan få miskunn, og finne nåde til hjelp i rette tid.» Heb 4:15f
Med ønske om eit godt nytt skuleår! ❤
Siste innlegg