Elevar ved ein friskule har ofte litt lenger veg til skulen enn dei ville fått om dei gjekk på nærskulen. Jærtun har i dag elevar frå Hå, Time og Klepp. Dei løyser transportutfordringa på ulikt vis.
Time: Alle elevar frå Time har rett på skuleskyss om dei bur meir enn 4 km frå skulen. Elevar i 1. klasse har rett på skyss om dei bur meir enn 2 km frå skulen. I dag plukker ein Taxi-buss elevane opp og bringer dei til skulen.
Klepp: Elevane tek enten tog, blir kjørt med privatskyss eller benyttar seg av eksisterande taxitilbud.
Hå: Dei fleste elevane følger toget. Nokre elevar frå Nærbø samarbeider om privatskyss.

NB! Ta kontakt med skulen dersom transporten er ei utfordring for deg! Kanskje vi kan hjelpe til med å finne løysingar, organisera følgje til og frå toget e.l.

Økonomi:
Foreldre har rett til gratis skuleskyss. Kommunane har plikt til å dekke skuleskyss også for elevar som velger friskule. Men plikta gjeld bare innanfor kommunegrensa. I praksis får dei dekka reisekostnad til næraste stoppestad utanfor kommunegrensa. Tek dei tog, betyr det at dei får dekka heile reise om dei kjem frå Klepp eller Hå.

Tryggleik:
Det er føresette som har hovudansvar for tryggleiken på skulevegen.  Skulen sin trafikkplan gjeld for elevar som tek tog eller syklar.

Her kan du sjå trafikkplanen