OM OSS

Dette er Jærtun Lutherske Friskule

KVEN ER JÆRTUN?

EIN FRISKULE
Jærtun er ein friskule som er godkjent av departementet. Elevane får vanleg vitnemål når dei går ut av tiande klasse.

EIN GRUNNSKULE
Jærtun har undervisning frå 1. til 10. klasse. Skulen er godkjent for 120 elevar. Det vil seie at det er ca 12 elevar i kvar klasse. To og to klassar går i saman.

EIT ALTERNATIV
Jærtun ynskjer å vere eit alternativ til den offentlege skulen. Foreldre som ynskjer ei kristen oppseding av sine born, skal oppleve at vår skule dreg i lag med foreldra og ynskjer å hjelpe dei med dette.
Læreplanane våre avvik i liten grad frå den offentlege. Den viktigaste skilnaden er at vi har eit reint kristendomsfag i staden for RLE (Religion, Livssyn og Etikk). Også våre elevar får grundig undervisning i andre religionar, men den undervisninga er lagt til samfunnsfag.

EIN KRISTEN FRISKULE
Skulen ynskjer ikkje bare å presentere ulike verdiar for elevane, som om alle verdiar og livssyn er like gode og sanne. Vi ynskjer at elevane skal få tru på Bibelen som sann og rett. I den boka formidlast dei verdiar som landet er bygd på, og som kan gje meining med livet og evne til å skilje rett frå galt. Framfor alt ynskjer vi at dei skal få tileigne seg bodskapen om syndsforlating ved trua på Jesus, og slik få ei sikker trøyst i livet og håp om eit evig liv. Elevane vil også møta eit kristent miljø. Kvar dag begynner med song, ein kort andakt og bønn. Slik blir Gud og gudstrua ein naturleg del av kvardagen. Vi trur dette er det viktigaste og beste vi kan gje borna.

EIT GODT SKULEMILJØ
Dei kristne verdiane med dei 10 bod, tilgjeving og omsorg for kvarandre ynskjer vi skal prege skulen. Det skal ikkje vere ein kultur kor banning, baksnakking eller løgn er godteke. I staden skal det vere eit miljø prega av god leik, ein hyggeleg tone mellom alle på skulen og respekt for vaksne. Skulen har eit stadig fokus på mobbing.

EIT GODT LÆRINGSMILJØ
I timane skal det vere fokus på læring. Kunnskap er ein stor rikdom. Det er også ein del av vårt kristne kall å bruke våre evner. Skulen legg vekt på at læraren er ein tydeleg leiar i klassen. Vi har også mykje fokus på at lærarane skal vere einige seg i mellom når det gjeld reglar og rutinar på skulen. Slik blir skuledagen tryggare for elevane. Men like viktig er ein hyggeleg tone mellom vaksne og elevar på skulen, og ein god atmosfære i klasserommet.

EIN SKULE FOR ALLE
Gud har skapt menneska forskjellige. Dette ser vi på som ein stor rikdom. Vi ynskjer også at elevane skal sjå på skilnadar hos kvarandre som noko godt og positivt. Ikkje alle skal vere like flinke i alt. Det skal vere plass til den som slit og det skal vere plass for den som får ting lett til. Jærtun strevar etter å gje så god tilpassing til kvar enkelt som mogleg. Det viktigaste her er å ha lærarar som bryr seg om elevane, kva dei enn slit med.

EIN LUTHERSK SKULE
Jærtun er ikkje eigd av ein organisasjon eller kristen forsamling. Det er ei fri foreining som er kalla «Paideia» som står bak skulen. Paideia består av foreldre og andre som ønskjer å driva ein kristen friskule. Nokre av medlemmane i skulestyret er valde av Paideia.

«Støttegruppa for Jærtun» støttar skulen gjennom bøn, medlemskontingent (500,- pr  år) og gjennom styreval. Alle som er samde med skulen sitt grunnlag og formål kan verta medlemmer. Nokre av medlemmane i skulestyret er valde av Støttegruppa.

Vår kristne ståstad skal vere tydeleg og forankra i Luthersk kristendomsforståing. Det inneber at vi trur at heile Bibelen er Guds ord og at menneske blir frelst ved tru på Jesus åleine. Dei Lutherske vedkjenningsskriftene er grunnlaget for undervisninga.

KVEN ER JÆRTUN?

ØKONOMI
Skulen får stønad frå Staten. Denne utgjer 85 % av stønaden ein offentleg skule får for same antall elevar. Men bygningar må vi halde sjølv. Det får vi ingen stønad til. Lærarane har rett på same lønn som i offentleg skule, og lærartettleiken pr elev er også om lag den same. Mykje dugnadsinnsats, effektiv drift, men framfor alt Herrens velsigning, har gjort at skulen i dag har god økonomi.

Foreldrebetalinga er låg samanlikna med mange friskular. For første barn kostar det kr 8000 pr år, for barn nr 2, kr 4500,-, barn nr 3, kr 4000 og barn nr 4 kr kr 1000,-. Vår politikk er at alle skal ha råd til å ha borna på Jærtun.

Ynskjer du å gje ei gåve til Jærtun, er vi takksam for det! Kontonummeret er 3325 32 11216 og vippsnummeret er 141766

EIN INTERNASJONAL SKULE
Jærtun ynskjer å vise elevane at verda er større enn Noreg, og motivere til engasjement utanfor landegrensene. Kvart år har vi ei misjonsveke. Då har vi fokus på eit land i verda som det vert drive misjon i. Vi lærer mykje om landet, og prøver å få kontakt med skular i dette landet. Her har vi hatt fruktbare kontaktar med mellom anna Peru, Mongolia og Israel. Vi samlar også inn pengar til eit misjons- og hjelpeprosjekt i landet. 9. og 10. klasse reiser på tur til Spania.

SKULESTYRET
Pr.1.sept. 2023:
Olav Aarsland (formann)
John Peder Samdal (nestformann)
Bernhard Eiken
Rut Irene Dahlstrøm Hartvig
Kari H. Haaland

SØKNAD
Skulen «silar» ikkje elevar. Alle som søkjer, uansett årsak, vil få plass om det er plass. Dersom det er venteliste, vil søsken og born av lærarar gå først i køen. Også foreldre som ønskjer ein kristen skule og ei kristen opplæring vert prioriterte. Elles er det den som søkjer først som får først plass.

Ynskjer du å søkja elevane inn på skulen, ta kontakt med skulen eller send søknaden via nettsida vår. Alle som vil søkja skulen ynskjer vi skal ha omvisning på skulen og samtale med rektor. Slik vil vi sikre at dei føresette kjenner skulen godt. Dette trur vi er viktig for eit godt foreldresamarbeid heilt frå starten av.

VELKOMMEN TIL Å VERTA BETRE KJEND MED JÆRTUN!

FRAMTID OG HÅP, FOR DINE BARN

Søke skuleplass?