Velkommen til Jærtun Lutherske Friskule

– Ein skule for alle som ønsker eit kristent verdigrunnlag for sine barn

Ein kristen friskule

Vi vil vere ei hjelp til foreldre og barn som ønsker ei kristen oppseding. Kristne friskular verken kan eller vil indoktrinere elevar i kristen tru, men vil gje dei kunnskap, innsikt og erfaringar som grunnlag for eigne val.

Trivsel

Med klassestyrarar som har ansvar for det totale klassemiljøet og vaksne som forventar fin språkbruk og inkluderande framferd ønsker vi å skape eit miljø med trivsel for alle.

Læring

Skulen vektlegg god kompetanse både på fag og klasseleiing. Klasserommet skal vere prega av respekt for kvarandre, ei tydeleg leiing og godt humør. Skulen arbeider målretta med å utvikle den pedagogiske kompetansen.

Kven er vi og kva står vi for?

Jærtun er ein Friskule godkjent av departementet i 2001. Elevane får vanleg vitnemål. Skulen har elevar frå 1. – 10. klasse og kan ta inn opp til 120 elevar. Skulen har store og moderne lokale og ein skulegard med mange varierte aktivitetar.
Jærtun er ein frittståande skule, drive av ei foreining som er oppretta for å drive denne skulen. Skulen legg vekt på at heile Skrifta er Guds Ord og at vi blir frelst ved tru og nåde åleine. Skulen sine tilsette er forplikta på den Lutherske vedkjenninga.

Undervisningsmetode

Jærtun er underlagt dei same kompetansekrava som offentleg skule. Skulen deltek også på fleire av kursa som  departementet arrangerer for å utvikle norsk skule. Særleg vektlegg vi å utvikle vår kompetanse på klasseleiing og vurdering.

Gjennom gode relasjonar og tett samarbeid mellom personalet, ønsker vi å oppnå ei trygg og tydeleg klasseleiing med mykje godt humør i klasserommet.

Vurderinga skal vere motiverande og læringsfremjande.

Undervisninga må ikkje på noko punkt komme i strid med Bibelen og vedkjenninga. Kristne haldningar og eit kristent verdisyn må prege undervisninga i alle fag.

Kvifor kristen friskule?

Nokon vel skulen først og fremst fordi det er ein kristen skule. Andre vel han først og fremst fordi det er ein god skule med godt læringsmiljø og god trivsel. Vi ønsker å vere tydelege og gode på begge deler.

Trykk her for å lese meir om “Kvifor kristen friskule?”

Siste fra skulen