Foreldrebetaling

Skulen får stønad frå Staten. Denne utgjer 85 % av stønaden ein offentleg skule får for same antall elevar. Men bygningar må vi halde sjølv. Det får vi ingen stønad til. Lærarane har rett på same lønn som i offentleg skule, og lærartettleiken pr elev er også om lag den same. Mykje dugnadsinnsats, effektiv drift, men framfor alt Herrens velsigning, har gjort at skulen i dag har god økonomi.

Foreldrebetalinga er låg samanlikna med mange friskular. Vår politikk er at alle skal ha råd til å ha borna på Jærtun.
For første barn kostar det kr 7000 pr år
For barn nr. 2 kostar det kr 3500,-
For barn nr. 3 kostar det kr 3000,-
For barn nr. 4 kostar det kr 1000,-