Nokon vel skulen først og fremst fordi det er ein kristen skule. Andre vel han først og fremst fordi det er ein god skule med godt læringsmiljø og god trivsel. Vi ønsker å vere tydelege og gode på begge deler.

-Fordi det er ein kristen skule
Jærtun vil vere ein tydeleg kristen skule. Sjå formål med skulen.
Vi har eit eige fag som heiter kristendom. Faget har utvida timetal i forhold til RLE i offentleg skule, med ein time meir i veka. Religionsbiten er plassert i samfunnsfag.
Kvar dag begynner med andakt, bøn og song og sluttar med velsigninga eller ein salme.
Også dei andre faga vil bli prega av eit kristent verdsbilete. Men vi brukar om lag dei same planane som i offentleg skule.
Skulen er open for alle, uansett livssyn. Det er ikkje noko tvang til tru, men oppmoding til å reflektere og å stille spørsmål.

-Fordi ingen skular er nøytrale
Vi trur ikkje på nøytrale skular. Alle skular formidlar eit livssyn gjennom haldningar, verdiar og lærestoff. Den offentlege skulen har ein meir og meir sekulær ståstad, og vil påverke elevane i den retninga.
Foreldre som ynskjer ei kristen oppseding, vil oppleve at den kristne friskulen blir ei viktig drahjelp.

-Fordi miljøet er viktig
Miljøet har ofte større påverknad på borna enn noko anna. Ein kristen skule har tydelege verdiar som får konsekvensar for miljøet.

Vi arbeider aktivt for:

  • At alle elevar skal trivast, og ingen elevar skal bli mobba. (Sjå mobbeplan)
  • Eit trygt klassemiljø, kor det er lov å vere annleis og lov å mislukkast.
  • At språkbruken er fin og fri for banning
  • God og naturleg leik mellom gutar og jenter
  • At elevane inkluderer kvarandre i leik og prat
  • At tobakk og alkohol ikkje høyrer med når elevane treffest
  • At skulen blir ei mobilfri sone, kor leik står i fokus

-Fordi den vaksne ser eleven
Ein friskule kan ingen klare å drive utan stor grad av idealisme. Dette trur vi elevane merkar ved at dei blir sett og verdsette.

Skulen har planar for det psykososiale miljøet.