17. mai 2019

Skrevet av
i Nyheiter

Tradisjonstru var det 17. mai feiring på Jærtun etter barnetoget. Bunad, dress, kjolar, grillmat og ikkje minst is gjorde dagen like feststemt som 17. mai skal vera.

Komiteen har gjort ein kjempebra jobb med å forberede aktivitetar. Blant anna fisking, bogeskyting, luftgevær, kiosk, tipping, stafett og sekkeløp. Ikkje minst laga dei og elevrådet show på den tradisjonelle fotballkampen.

17. mai er ein dag til å minna kvarandre på korleis Gud har velsigna landet vårt. Han som har gitt oss fred og rikdom i mange år.

Me tenkjer på landet, det landet du oss gav. Så underleg fagert fagert frå høgfjell til hav, Med ynde som ikkje kan tolkast med ord:
Å Herre, din nåde mot Noreg var stor! Din nåde var stor imot Noreg

Me tenkjer på fridom og hundreårs fred: Så trygt fekk me virka til sola gjekk ned, I fred fekk me kvila, og høyra Guds ord:
Å Herre, din nåde mot Noreg var stor! Din nåde var stor imot Noreg

Me tenkjer på Ordet, vår dyraste skatt, Som kom hit med lys i den djupaste natt Og gjev oss det evige liv alt på jord:
Å Herre, din nåde mot Noreg var stor! Din nåde var stor imot Noreg

Trygve Bjerkreim 1934

Takk til Jan Tore Skogen som har tatt bildene og takk til alle som kom og feira dagen på Jærtun.

Siste innlegg